Andre generasjon SKA3 med feriemodus. Tørkeovn og tilbehørssett følgjer med i prisen — alt du treng for å byrje å produsere transferar — og du kan finansiere heile kjøpet.
Begge pakkane inkluderer SKA3-printaren og tilbehørssett med film, blekk, pulver og renseutstyr. Vel shaker i staden for tørkeovn om du vil produsere meir, med mindre handarbeid.
Alle prisar er oppgitt inkl. mva. Frakt kjem i tillegg.
Dette er bestillingsvarer. Maskinene står ikkje på lager — vi tingar dei inn til deg når du bestiller.
Frakta kjem i tillegg til prisane over, og blir rekna ut når vi har snakka med deg og veit kvar ho skal leverast. Rekn med om lag 6 000,– inkl. mva i frakt. Ønskjer du flyfrakt for raskare levering, kjem det 5 000,– inkl. mva i tillegg.
Frakta blir betalt ved bestilling. Vi tek kontakt med deg like etter at du har bestilt, og går gjennom leveringsadresse og fraktmåte før noko blir sendt.
Du betaler 60 % ved oppstart, og resten fordelt over 6 månader. Treng du lengre tid, kan du velje 12 månader — då kjem det eit påslag på 25 % på restbeløpet.
Finansieringa gjeld kampanjeprisen — du betaler ikkje meir for å dele opp.
Ingen påslag på 6 månader.
Alle tal er inkl. mva og til orientering. Frakt kjem i tillegg og blir betalt ved bestilling. Endeleg avtale set vi opp saman med deg.
Andre generasjon av maskina som har gjort DTF tilgjengeleg for små verkstader. No med feriemodus.
Ovnen følgjer med i prisen. Du strør på pulveret og herdar filmen med ein gong — ingen ekstra investering før du er i gang.
Det nye på andre generasjon. Skal maskina stå ubrukt, tek ho vare på seg sjølv, så du ikkje kjem tilbake til eit tett printhovud.
Maskina renser printhovudet sjølv. Det kjedelege vedlikehaldet som pleier å bli utsett, skjer av seg sjølv.
Bomull, polyester og blandingar, lyse og mørke plagg. Inga førbehandling slik DTG krev.
60 % ved oppstart og resten over 6 eller 12 månader. Du kan starte produksjonen før maskina er nedbetalt.
Vi hjelper deg i gang, svarar på telefon når noko stoppar opp, og har forbruk og delar på lager i Noreg.
Med ovn strør du pulveret på for hand. Ein shaker gjer det automatisk — legg på pulver, ristar av overskotet og herdar i same operasjon. Det gir jamnare resultat og mykje mindre handarbeid når du byrjar å køyre fleire ark om dagen.
Tillegg: 15 000,– inkl. mva. Kan leggjast til seinare òg.
Ta kontakt, så finn vi ut kva pakke som passar produksjonen din — og set opp finansieringa om du vil dele opp betalinga.
Vi tek kontakt innan éin arbeidsdag. Hastar det, ring 986 97 706.
Eller ta kontakt direkte:
Kampanje 59 900,– inkl. mva inkl. tørkeovn og tilbehørssett · finansiering frå 3 999,–/mnd med 60 % innskot